Slaget ved Lutterberg | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av sjuårskrigen | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Braunschweig Preussen |
Frankrike | ||||||
Kommandantar | |||||||
Christoph von Oberg | Prince de Soubise |
Menorca – Lobositz – Reichenberg – Praha – Kolín – Hastenbeck – Gross-Jägersdorf – Moys – Rochefort – Rossbach – Breslau – Leuthen – Rheinberg – Krefeld – Domstadtl – Cherbourg – Zorndorf – Saint Cast – Tornow – Lutterberg – Hochkirch – Bergen – Kay – Minden – Kunersdorf – Hoyerswerda – Frisches Haff – Maxen – Meissen – Landeshut – Korbach – Emsdorf – Warburg – Liegnitz – Kloster Kampen – Torgau – Villinghausen – Kolberg – Wilhelmstahl – Burkersdorf – Lutterberg – Almeida – Kassel – Freiberg |
Slaget ved Lutterberg fann stad 10. oktober 1758 under sjuårskrigen mellon ein fransk styrke på 42 000 mann kommandert av Prince de Soubise og ein mykje mindre engelsk-tysk styrke kommandert av general Christoph Ludwig von Oberg.
Dei to armane møtte kvarandre nær byen Lutterberg i Niedersachsen. Dei 14 000, hovudsakleg prøyssisk, soldatane, vart overvelda av fleire åtak frå det franske kavaleriet og vart tvungen til å trekke seg attende.[1] Trass i at Soubise vann ein avgjerande siger, var han treig med å følgje etter fienden. Dette fekk hans overordna i Paris til å erstatte han med Marquis de Contades.[2]
Soubise fekk ein marskalkbatong for denne sigeren.